Abonnementsvilkår
Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av privatabonnement på VaksdalPosten, ei samarbeidsavis med Agderposten Medier AS. Dersom abonnenten teiknar eit komplett abonnement har ein tilgang til papiravisa, e-avisa og alt innhaldet i nettavisa. Abonnenten får også tilgang til det elektroniske arkivet vårt med aviser frå 1987 og fram til i dag. Abonnenten kan også teikna eit abonnement som berre omfattar våre digitale avisprodukt.
For å få tilgang til alt digitalt innhald frå VaksdalPosten, må du registrera deg som digital bruker på Vaksdalposten.no . Du gjer det ved å fylla inn dei personlege opplysningane dine, brukarnamn og passord. Gjennom Vaksdalposten Mi side kan du administrera abonnementet ditt.
Abonnement
Abonnementet vert betalt forskotsvis og går til me mottek oppseiing. Ved slutten av ein abonnementsperiode vil abonnementet automatisk verta forlenga med ei lengd lik den førre. Abonnenten kan når som helst seia opp abonnementet med minst 14 dagars varsel. Ved uteblitt betaling stoppar avisleveringa og den digitale tilgangen, og me fakturerer restrekning for levert periode. Du kan velja å stoppa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller det digitale abonnementet ditt. Angrerettlova gjeld.
Prisar
Sjå gjeldande prisar her
Levering av papiravisa i Noreg er inkludert i eit komplett abonnement. For levering av papiravis til utlandet, vert det portotillegg etter Posten sine takstar. Ynskjer du faktura i posten, kjem eit gebyr på kr 35,- pr faktura. Ved betaling med Avtalegiro, E-faktura eller kredittkort er det ingen gebyr til VaksdalPosten. Oppretting av AvtaleGiro kan gjerast på Mi side (menyvalg "Abonnement") eller via banken din. Elektroniske trekk som ikkje vert betalte innan fristen, får betalingspåminning med eit fakturagebyr i posten. VaksdalPosten har rett til når som helst å endra prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjorde i avisa og på heimesida, seinast 14 dagar før iverksetjing. Dei nye prisane gjeld frå fastsett dato for alle typar abonnement.
Betaling
Du kan kjøpa abonnement eller digital tilgang til avisa på vaksdalposten.no ved å bruka bankkort/kredittkort eller få tilsendt faktura. Ved kortbetaling vert kredittkortet/bankkortet du registrerer, automatisk trekt for ny periode til du seier opp abonnementet ditt hjå oss.
VaksdalPosten brukar PayEx som betalingsløysing. PayEx støttar Verified by Visa-standarden. Les meir om PayEx. Betalingssidene er sikra med SSL-sertifikat. Les meir på Let's Encrypt. Det betyr at du som kunde har ekstra sikkerheit ved betaling hjå VaksdalPosten. Dersom innbetaling ikkje skjer, har VaksdalPosten rett til å stengja tilgangen og stoppa avisleveringa med straksverknad.
Transaksjonen vert utført med:
Vaksdal Posten AS
Konsul Jebsensgate 3, 5722 Dalekvam
Tlf: 56594000
Foretaksreg: NO 945 551 453
E-post: kundeservice@vaksdalposten.no
https://www.vaksdalposten.no
Bankkontonummer: 35302219727
Levering
Posten sine leveringstider gjeld. Ved uteblitt papiravis vil denne verta godskriven abonnenten om han melder frå snarast. Abonnenten kan alternativt få avisa etterlevert så snart dette er mogleg. Dersom abonnenten konstaterer at uteblitt avis ikkje er kreditert ved neste fakturering, må han kontakta oss for avrekning. Den elektroniske utgåva er tilgjengelig frå kl 01:00 utgjevingsdagen. Enkelte sider kan med unntak avvika frå den trykte versjonen. Temabilag vil berre vera tilgjengelege dersom dei er utgjevne av VaksdalPosten. Innstikk med andre utgjevarar vil såleis ikkje vera tilgjengelege. Dersom levering vert hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure av meir enn to dagars lengd, vert dette godtgjort med tilsvarande forlenging av abonnementet. Dersom årsaka til manglande tilgang er knytt til brukaren sin eigen internettilgang eller problem med brukaren sitt datautstyr/software, vert det ikkje gjeve godtgjering.
I feriar tilbyr me gratis flytting av avisa til leveringsstad i Noreg. Papiravisa kan omadresserast i inntil 4 veker, eller me kan oppbevara avisene hjå VaksdalPosten.
Mi Side
På VaksdalPosten si nettside kan du logga deg inn på Mi Side for å administrera abonnementet ditt. For å kunna bruka Mi Side, må du logga deg inn med brukarnamn og passord.
Her kan du:
- Omadressera avisa, fast -eller mellombels dersom du skal på ferie
- Mellombels stoppa leveringa av papiravisa
- Sjå betalingsopplysningane dine
- Oppretta Avtalegiro
- Senda oss ein e-post
Brukartilgang
Den juridiske eigaren av abonnementet er den som har teikna det. Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin husstand og opphaldsadresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbrukar VaksdalPosten sine tenester, har me rett til straks å stengja abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling. Når den juridiske eigaren av eit abonnement er ei verksemd/ein bedrift vert abonnementet knytt til ein (1) digital brukar, og det digitale produktet kan berre nyttast av den personen som har registrert brukarnamn og passord.
Rettigheiter
Som abonnent av VaksdalPosten har du tilgang til alt materiale, dvs. tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til ditt eige bruk. Ved all annan bruk, t.d. avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk, berre etter avtale med redaktør Esben Hesjedal på e-post: eh@vaksdalposten.no
Informasjonskapslar
Her kan du lese om vår cookiepolicy.
Behandling av personopplysingar
Ved å akseptera desse brukarvilkåra, samtykkjer du i at Agderposten Medier og partnaravisene, kan behandla personopplysingane dine i tråd med fylgjande retningslinjer og personvernpolicyen vår.
Kva informasjon samlar me inn?
Agderposten Medier og partnaravisene lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-post-adresse, gateadresse og telefonnummer - og opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg vert det lagra informasjon om bruken av tenestene, også kva tenester du bestiller, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om eininga di og internett-tilkoplinga. Me kan velja å samanstilla trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer me for å tilpassa innhaldet til brukarmønsteret ditt og for å gje deg ei best mogeleg brukaroppleving.
Kva brukar me opplysingane dine til?
Opplysingane vert brukte av Agderposten Medier og partnaravisene for å gjennomføra avtalen med deg og til å førebu og vidareutvikla tenestene. Me behandlar også personopplysingar for å få større kunnskap om brukarane våre, slik at me kan levera tenester, tilrådingar, innhald, annonsar og marknadsføring som er tilpassa deg. I tillegg vil opplysingane kunna verta brukte til analyse for å forstå marknadstrendane og for å avgrensa misbruk av tenestene. Personopplysningane dine vert ikkje vidareselde og vert ikkje brukte til andre føremål, utan eige samtykke til dette frå deg.
Deling av informasjonen din
Agderposten Medier og partnaravisene kan dela opplysingar om din bruk av tenestene med andre selskap eigde av oss og dei avisene me har eit gjensidig partnarskap med. Føremålet er tilsvarande det me har skildra i desse avtalevilkåra. Opplysingane kan utleverast til tredjepart i den grad det er naudsynt for at me skal kunna gjennomføra avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.
Korleis kan du administrera eller sletta informasjon om deg sjølv?
Me lagrar ikkje personopplysingar lenger enn det som er naudsynt for å oppfylla føremålet med behandlinga. Du kan når som helst krevja innsyn i opplysingane og endra opplysingar på Miside. Du kan også krevja at dei vert sletta, med mindre opplysingane er naudsynte for å gjennomføra avtaleforholdet mellom deg og mediehuset der du er abonnent, eller dei er lovpålagde.
Ved å godkjenna desse vilkåra, samtykkjer du også til
personvernerklæringa vår.
Samtykke til marknadsføring
Når du er registrert som brukar hjå Agderposten Medier eller ei av partnaravisene, og når du brukar abonnementstenestene våre, ser me på deg som ein kunde med eit aktivt kundeforhold.
I eit aktivt kundeforhold vil me kunna ringja deg, senda deg e-post, SMS og informasjon i appen vår og på nettsida vår, i tillegg til tilbod og annan relevant informasjon basert på opplysingar me har om deg som kunde. Informasjonen vil vera relevant i forhold til produkta og tenestene våre, og berre vera på eigne vegner.
Marknadsføringa kan innehalde tilbod og informasjon om produkta våre, som til dømes abonnement, nyhendebrev eller tips om korleis ein kan få mest mogleg ut av kundeforholdet.
Dersom du ikkje har eit aktivt kundeforhold til Agderposten Medier eller ei av partnaravisene, vil du berre motta elektronisk marknadsføring dersom du har gjeve særskilt samtykke til det.Dersom du ikkje ynskjer å motta slik marknadsføring kan du reservera deg ved å klikka på linken for å melda deg av denne tenesta.
Dersom du har spørsmål til avtalen, er du velkomen til å kontakta oss: Telefon 56 53 03 06 og epost: kundeservice@vaksdalposten.no
Endring av vilkår
Abonnementsvilkåra kan bli endra, og dei til ein kvar tid gjeldande vilkåra er oppdatert på https://les.vaksdalposten.no/vilkar.
Vaksdal 01.11.2018